New York av Lou Reed

New York
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve 10. januar 1989
Innspelt Mai til oktober 1988
Studio Mediasound Studio B, New York City
Sjanger
Lengd 56:40
Selskap Sire
Produsent
Lou Reed-kronologi 
Mistrial
(1986)
New York Songs for Drella
(1990)


Singlar frå New York
  1. «Romeo Had Juliette»
    Utgjeve: 1989
  2. «Dirty Blvd.»
    Utgjeve: 1989
  3. «Busload of Faith»
    Utgjeve: 1989

New York er det 15. soloalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i januar 1989 på Sire Records.[1] Det vart varmt teken imot då det kom ut og rekna som eit av dei beste soloplatene hans. Det vert særleg høgt akta for styrken og krafta i tekstane. Reed sa at han kravde enkel musikk slik at det ikkje tok merksemda bort frå den ærlege tekstane. Singelen «Dirty Blvd.» gjekk til topps på den nye Billboard Modern Rock Tracks-lista, der han låg i fire veker.

Det tidlegare bandet til Reed, The Velvet Underground, var på toppen av kult-populariteten sin seint i 1980-åra, men solokarrieren hans hadde teke nokre harde slag i 1980-åra. Den vide populariteten til New York sette fyr i karrieren hans att i så stor grad at The Velvet Underground vart samla saman att for ein verdsturné.

Velvet Underground-trommeslagaren Moe Tucker spelte perkusjon på to spor på albumet.

  1. Holden, Stephen (21. mai 1989). «Pop's Angry Voices Sound the Alarm». The New York Times. Henta 9. april 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy